Tor Åge Bringsværd () var ein norsk forfattar frå Skien, som særleg saman med Jon Bing var fyrst til å skriva norsk science fiction. Han har òg skrive historiske forteljingar, mellom anna inspirerte av krosstoga, legender og norrøne myter. Verka hans er gjerne leikne og fantasifulle.
Bing og Bringsværd Bringsværd har arbeidd mykje saman med Jon Bing, gjerne under namnet «Bing og Bringsværd». Saman er dei er opphavsmenn til ordet fabelprosa, som han nyttar om skjønnlitteraturen han skriv. Omgrepet tek opp i seg både science fiction og fantastiske forteljingar. I 1967 debuterte dei begge med Rundt solen i ring.
Året etter kom Bringsværd ut med Probok, si eia samling med science fiction-noveller. Samlinga markerte i større grad den samfunnskritiske sida i høve til kva han fekk fram i Rundt solen i ring. Samfunnskritikk kunne ein spora der òg. At han gav ut boka åleine kan nok tyda at dette var noveller som Bringsværd personleg syntest han kunne stå sterkt for. Bing har klart innverka mykje på skriveprosessen. I starten av boka står det «Til Jon – Selvfølgelig». Dei har arbeidd mykje saman, eller som Bringsværd skriv på sin nettstad «Jon Bing og jeg har lekt sammen (nesten) hver tirsdag siden 1966.»
Saman har dei to laga det som kanskje er den einaste norske science fiction-produksjonen for film eller fjernsyn, nemleg fjernsynsserien Blindpassasjer.
Forfattarstil
Bringsværd hadde ein spesiell skrivestil. I fleire noveller hoppa han vekk frå historia og skildra noko som tilsynelatande ikkje har noko å gjera med resten av historia. Brått kunne han finna på å hoppa inn i eit radioprogram eller eit oppslag i eit leksikon. Han har til og med skrive heile noveller som er utforma som oppslagsverk eller filmmanus.
Verka hans inkluderer titlar som; Bazar, Gobi-serien, Apachepikene farer frem over sletten. Blondt hår. Vinden., og Pudder? Pudder! I tillegg har han vore aktiv i den norske Brumm-foreningen.
Mennesket Bringsværd
Bringsværd reknaseg som anarkist og det er kanskje ikkje utan grunn at han valde science fiction som ein av sine sjangrar. Mange av bøkene hans har eit kritisk blikk på bioteknologi og måten me forvaltar naturen vår på.
Utgjevingar Romanar 1970 - Bazar 1974 - Den som har begge beina på jorda står stille 1976 - Syvsoverskens dystre frokost 1978 - Pinocchio-papirene 1980 - Minotauros 1983 - Ker Shus 1985 - Gobi. Barndommens måne 1987 - Gobi. Djengis Khan 1989 - Gobi. Djevelens skinn og ben 1994 - Gobi. Min prins 1996 - Den enøyde 1997 - Gobi. Baghdad 2001 - Pudder? Pudder! eller: Sleeping Beauty in the Valley of the Wild, Wild Pigs 2005 - WEB 2013 - Ikke fordi den har et svar, men fordi den har en sang
Novellesamlingar 1967 - Rundt solen i ring 1968 - Probok 2004 - Oslo 2084
Biletbøker 1973 - Ruffen, sjøormen som ikke kunne svømme 1975 - Ruffen på nye eventyr 1982 - Ruffen og den flyvende hollender 2006 - Når to skal rydde
Reiseskildringar 2003 - London
Prisar og utmerkingar
1974: Gyldendals legat 1978: Rivertonprisen saman med Jon Bing for fjernsynsserien Blindpassasjer 1979: Aschehougprisen saman med Ernst Orvil. 1985: Den norske Kritikerprisen for litteratur for Gobi. Barndommens måne 1986: Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris 1986: Skolebibliotekarforeningens litteraturpris for hans samla barne- og ungdomsbøker 1988: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Gobi. Djengis Khan 1990: Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Gobi. Djevelens skinn og ben 1994: Riksmålsforbundets litteraturpris 1994: Doublougprisen saman med Inger Elisabeth Hansen 1999: Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris 1999: Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl 2000: Ibsenprisen for samla dramatisk forfattarskap 2008: Alf Prøysens ærespris 2009: Heidersprisen under Brageprisen 2010: Bringsværd vart tildelt Norsk kulturråds ærespris
Bakgrunnsstoff Tor Åge Bringsværd si heimeside Utgjevingar av Tor Åge Bringsværd i BIBSYS Ask
Kategori:Fantasy-forfattarar Kategori:Science fiction-forfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Vinnarar av Rivertonprisen Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Folk frå Skien Kategori:Vinnarar av Ibsenprisen Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris