Oddgeir Bruaset () er ein norsk journalist, forfattar og programleiar, busett på Sunnmøre. Han er kjend frå seriar på NRK.omtale frå NRK Møre og Romsdal
Han er utdanna lærar frå Volda lærarskule, og har studert ved Universitetet i Bergen. Han arbeidde eit par år som lærar i Volda, før han i 1971 kom til NRK Møre og Romsdal (Ålesund), og der vart han verande heilt til han i 2014 gjekk av med pensjon. Dei første åra arbeidde Bruaset mest i radioen, men i 1982 vart han tilsett i ei nyoppretta fjernsynsstilling. Sidan har han arbeidd med å lage TV-program, mange med kulturhistorisk tilknyting. Mest kjend har han vorte for serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu (2001–2014). Han er også ein mykje brukt foredragshaldar.
Utgjevingar
I tråd med tida (Rauma Ullvarefabrikk, 2002).
Folket langs Storfjorden (Samlaget, 1991). Orkanen (Samlaget, 1992). Om nyttårsorkanen. Lagnader langs fjorden (Samlaget, 1994). Busetnad ved Storfjorden sidan 1600-talet. Jostedalsbreen (Samlaget, 1996). Fotografi av Terje Ringen. Romsdal - folket og landskapet (Samlaget, 1997). Fargerike romsdalingar (Samlaget, 1998) Brød og kaker gjennom 100 år (Baker Kjersem, 1998). Sunnmøre og sunnmøringen (Samlaget, 1999). Fotografi av Johannes Jensås. Geiranger - juvel i fjordlandet (2001). Fotografi av Arne Aasheim. Nådelaust liv i gåvmilde Hardanger (Genesis forlag, 2001). Det var midt i julenatt (2001). Om opphavet til fjorten julesongar, lese av Ella Gyri Groven. I tråd med tida (Rauma Ullvarefabrikk, 2002). Eg bur oppå ein plass - i Sogn (Genesis forlag, 2003). Folket langs Storfjorden II (Genesis forlag, 2004). Fotografi av Per Eide. Skap og skapertrang (Grande Trevare, 2004). Der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Genesis forlag, 2005). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl. På fjellhylle og havstrand (Genesis forlag, 2006). Om gardar i Nordfjord. Fotografi av Tor Sivertstøl. Arven I (2007). Fotografi av Oddbjørn Monsen. Arven II (2007). Fotografi av Oddbjørn Monsen. Det lyser i stille grender, Genesis forlag, 2009, ISBN 9788247603567 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu II (NRK Aktivum/Aschehoug, 2009). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl. Hardanger. Gåvmildt og nådelaust (Genesis forlag, 2010). Fotografi av Tor Sivertstøl. Det veglause folket – i Rogaland (Genesis forlag, 2011). Der ingen skulle tru at nokon kunne bu III (Aschehoug, 2012). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu IV (Cappelen Damm, 2014). Bygd på TV-serien med same namn. Fotografi av Tor Sivertstøl. Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Vigmostad & Bjørke, 2015). Om juletretradisjonar og julefeiring på avsidesliggjande stader. Folket langs fjorden (Genesis forlag, 2016). Fotografi av Per Eide. Orkanen - 25 år etter (Det Norske Samlaget, 2016). Du grøne, glitrande - ei hyllest til juletreet (Vigmostad & Bjørke, 2017) Juletreet gjennom 500 år. Sidan hausten 2014 har juleheftet Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu (Vigmostad & Bjørke) komme ut.
Prisar og utmerkingar Sunnmørsprisen i 1991 Kringkastingsprisen i 1993 Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1999 Alf Helleviks mediemålpris i 2003 Rauma-ambassadør i 2004 Ålesund bys kunstnerpris i 2007 Medierosen hausten i 2008 for Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Folkets pris under Gullruten i 2009 Kongens fortenestmedalje i sølv i 2009 Årets bygdeprofil i 2012 Horvaprisen i 2013 Norsk Kulturarvs Ærespris i 2013 Heidersprisen under Gullruten 2015 Claus Heibergs minnepris 2018
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på informasjon frå NRK, nemnde forlag og Oddgeir Bruaset 16. mai 2014. Liste over mottakarar av Kringkastingsprisen.
Fotnotar
Kategori:NRK-journalistar Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Rauma