Flat storstumpbille (Hololepta plana) er ei 8–10 mm lang bille som lever under, og delvis i, borken på daude lauvtre. Tjukna er knapt 1 mm, slik er ho rekna som ei av dei flataste billene i verda. Vertstre kan vere selje, eik, alm, bøk og osp. Storstumpbilla er eit rovinsekt, og ho et larvar av andre insekt.

I Norden finst billa langs norskekysten frå Aust-Agder til Akershus. Ho er òg kjend i Danmark og Finland. Elles finst ho lenger sør i Europa.

Flat storstumpbille er oppført som sårbar i Norsk Raudliste 2006.

Kjelder Torstein Kvamme: ««Flat storstumpbille» - flatest av alle billene?» i Norsk Skogbruk 12/2008

Bakgrunnsstoff

Kategori:Biller