Ljubertsy (russisk Люберцы́) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 230 000 innbyggjarar. Ljubertsy vart nemnd første gong i 1623 og fekk bystatus i 1925. Byen dekker eit areal på 12 km².

Ljubertsy er eit stort industrisenter. Det er over 25 industrielle verksemder og eit stort jernbaneknutepunkt i byen. Dei viktigaste industriane er mekanisk industri, metallhandsaming,, produksjon av byggematerial, treindustri og næringsmiddelindustri.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ljubertsy» frå , den 1. januar 2009.

Bakgrunnsstoff