Frøya kyrkje står på Frøyalandet nordaust for Kalvåg på øya Frøya i Bremanger kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1865.

Bygget er teikna av kunstmålaren Anders Askevold og har sitjeplassar til 400 personar. Askvold har òg måla altartavla som har nattverden som motiv og truleg er ein kopi etter Rubens. Før 1865 var kyrkjestaden i Bremanger på Grotle vest på Bremangerlandet og kyrkja som stod der heitte Bremanger kyrkje. Då kyrkjestaden for soknet vart flytt til Frøya i 1865 fylgde namnet Bremanger kyrkje med og kyrkja på Frøyalandet heitte det fram til 1952, då namnet på både kyrkja og kyrkjesoknet vart endra til Frøya medan kyrkja på Bremangerlandet, som fram til då hadde heitt Bremangerpollen, overtok namnet Bremanger kyrkje.

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Frøya sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Bremanger kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Bremanger Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Anders Askevold Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kulturminne i Bremanger Kategori:Norske kyrkjer med heidne namnelekkar Kategori:1865 i Noreg