Nes kommune er ein kommune i Akershus fylke, som grensar i nord til Eidsvoll og Nord-Odal, i aust til Sør-Odal og Eidskog, i sør til Aurskog-Høland og Lillestrøm, og i vest til Ullensaker.
Historie Tettstaden Vormsund var det opphavlege kommunesentret i Nes herad, men stasjonsbyen Årnes overtok gradvis etter at Kongsvingerbanen vart bygd. I dag finn ein rådhus og kommunesentrum i Årnes, som opphavlege var kapellani under det dåverande hovudsoknet Nes med sentrum ved Vormsund. I dag er Årnes prostesete for prosten i Østre Romerike prosti. Kampå i Fenstad, Brårud, Opakermoen og Skogrand i Skogbygda (Ingeborgrud) er mindre tettstader i nordre og austre del av kommunen og i sør og i aust ligg dei større byggjefelta Aulifeltet, Tomteråsen, Neskollen og tettstaden Haga. Svanfossen som regulerer Noregs største innsjø Mjøsa ligg i Fenstad. Årnes er framleis kjenneteikna som ein stasjonsby frå det 19. hundreåret, medan Nes hovudsokn er utprega med monumentalbygningar i og omkring Vormsund, bl.a Nes kyrkjeruinar, Nes kyrkje, Ullershov og Disen gardar.
Tusenårsstad Tusenårsstaden i Nes er Nes kyrkjeruinar på Vormsund, der Glomma og Vorma møter kvarandre. Kyrkja vart bygd på 1100-talet som ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. Ho ligg i dag i ruinar, men desse blir brukt til gudstenester, bryllaup og konsertar.
Attraksjonar thumb|Auli Mølle ved Auli i Nes thumb|Udenes kyrkje Nes samlingar
Nes kyrkjeruinar – sjå ovanfor Stein skole – også kjent som Eventyrskolen Funnefoss industriarbeidermuseum – det gamle tresliperiet med arbeidarbustader Arbeidersmåbruket Furuset – småbruk frå 1909, halde i stand slik det var den gongen Auli mølle – den gamle mølla på Auli er framleis i driftsklar stand
Andre attraksjonar
Disen – prestegard for Nes prestegjeld. Gamle Hvam Museum – museum der ein finn den store gamle ærverdige garden Store Hvam med dei bygga som høyrer til Svanfoss sluse – sluse som ligg i Fenstad
Media Raumnes er lokalavisa for Nes på Romerike og vert gjeven ut tre gonger i veka. Romerikes Blad og Glåmdalen har avdelningskontor på Årnes.
Kjende nesbuar Amund Maarud Sverre Myrli Åslaug Haga Torgeir Rebolledo Pedersen, poet som har vore i aksjonsgruppa Stuntpoetene Berit Mørdre (d. 2016) Jacob Jervell (d. 2014) Alf Tande-Petersen Geir Frigård
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Nes i Akershus» frå , den 11. mars 2005.
Bakgrunnsstoff Nes kommune (Offisiell nettstad)
Kategori:Kommunar i Akershus Kategori:Norske kommunar skipa i 1838