Leninsk-Kuznetskij (russisk Ле́нинск-Кузне́цкий) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Inja, ei sideelv til Ob, rundt 80 km sør for Kemerovo.

Busetnaden vart først nemnt i 1763 som Koltsjugino (russisk: Кольчу́гино). I 1925 fekk han bystatus og namnet vart samstundes endra til Leninsk-Kuznetskij.

Leninsk-Kuznetskij er eit av hovudsentera for kolgruvene i Kuznetskbekkenet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leninsk-Kuznetskij» frå , den 7. januar 2009.

Bakgrunnsstoff