Troitsk (russisk Тро́ицк) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Uj, ei sideelv til Tobol, rundt 110 kilometer sør for Tsjeljabinsk.
Troitsk er eit jernbaneknutepunkt og fungerer som eit forsynings- og handelssenter for gruvedistrikta i Sør-Ural. Grensa mellom Russland og Kasakhstan går like sør for Troitsk.
Byen vart grunnlagt av Ivan Nepljujev. Troitsk spelte ei viktig rolle i opprøret til Jemeljan Pugatsjov, som omleira og erobra byen i 1774.
Geografi Klima
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Troitsk i Tsjeljabinsk oblast» frå , den 8. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1743