Sigrun (òg skrive Sigrund eller Sigrunn) er eit kvinnenamn, av norrønt Sigrún, samansett av 'siger' og 'løyndom'.
Sigrun har i Noreg namnedag 10. januar.
Bruken av namnet i Noreg Namnet Sigrun var lite bruka før slutten av 1800-talet, men populariteten fekk eit oppsving med ein topp i tida frå 1930 til 1950. Sidan har bruken gått attende.
I folketeljinga frå 1801 var det 2 som hadde namnet, i forma Sigron, Sigrun , budde i Oppdal i Sør-Trøndelag. I 1900 var 223 listeførte med namnet Sigrun, Sigrund, Sigrunn . I 2008 hadde 2955 Sigrun til første fornamn, medan 199 heiter Sigrund og 1005 Sigrund
Kjende namneberarar Sigrun Okkenhaug (1889-1939), norsk barnebokforfattar Sigrun Berg (1901-1982), norsk formgjevar Sigrun Krokvik (f. 1932), norsk forfattar. (Eigentleg Sigrun Karin Christiansen). Sigrun Slapgard (f. 1953), norsk journalist
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bakgrunnsstoff
FolketeljIngar i Digitalarkivet
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til strid