Larris, Laris, Larrits og Laris er kortformer av det latinske namnet Laurentius , og tyder (mann) frå Laurentum. Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Bruken av namnet i Noreg Namneformene var brukt sporadisk i Noreg frå utpå 1800-talet. Skrivemåtane varierte, og samla tal på personar med desse namneformene var 9 ved folketeljinga i 1875 og 6 i 1900.
I 2008 hadde ingen av skrivemåtane så mange brukarar at dei kom fram på den offentlege namnestatistikken frå Statistisk sentralbyrå.
Kjende namneberarar Den mest kjende namneberaren er teikeseriefiguren Larris Sjorhagen i Vangsgutane.
Kjelder
Folketeljingar i Digitalarkivet Skrivarloftet pratmakeri om Larris-namnet (Blogg)
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav