Lesosibirsk (russisk Лесосиби́рск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jenisej, rundt 250 km nord for Krasnojarsk.
Byen vart grunnlagd i 1975 då Maklakovo og Novomaklakov vart slått saman. Ei viktig næring i byen er tømmerindustri og namnet tyder «Trebyen i Sibir». Den norsk-russiske handelsmannen Jonas Lied skipa ein trelastfabrikk her tidleg på 1900-talet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Лесосибирск» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1975