Roslavl (russisk Рославль) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Ostjor, i nedbørsfeltet til Dnepr, rundt 110 km søraust for Smolensk.
Byen vart grunnlagt i 1137 av Smolensk-fyrsten Rostislav Mstislavitsj, som byen òg er kalla opp etter. Roslavl var under litauisk styre i 1408 og vart avstått til Russland i 1667.
Roslavl er i dag eit knutepunkt for veg og jernbane, og ein marknadsby.
Kjende personar frå Roslavl Mikhail Mikesjin, bilethoggar og målar Sergej Konjonkov, bilethoggar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet