Vidnoje (russisk Ви́дное) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 105 000 innbyggjarar. Han ligg tre kilometer sør for bygrensa til Moskva.

mini|venstre|Fontene i Vidnoje.

Busetnaden starta som datsja-staden Rastorgujevo i 1902. Like ved er Gorki Leninskije, eit tidlegare herregods som Lenin nytta i sine siste år. Sukhanovka-fengselet vart grunnlagd av NKVD i 1938 på området til det gamle Jekaterinskaja Pustyn-klosteret. I 1949 vart busetnaden Vidnoje grunnlagd for arbeidarar ved den nybygde fabrikken til Moskva Koks- og Gassverk. Vidnoje fekk bystatus i 1965.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vidnoje» frå , den 18. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1949