Spassk (russisk Спасск) er ein by i Penza oblast i Russland og administrativt senter for Bednodemjanovsk rajon. Han har om lag 7000 innbyggjarar.
Historie I 1648 vart eit udyrka jordstykke oppdaga i Sjatsk uezd og det vart gjeve til eit kloster i nærleiken kalla opp etter Frelsaren (Spas på russisk). I 1663 vart ein landsby grunnlagd på staden, kalla Bogdanovo. I 1779 vart namnet på byen endra til Spassk. Han fekk samstundes byrettar og vart gjort til senter i ein uezd etter dekret frå Katarina den store. Det vart derimot snart klart at dette ville medføre forvirring, sidan det fanst fleire byar i Russland med same namn, der den mest kjende var Spassk-Rjazanskij. Det offisielle namnet på byen vart derfor endra til Spassk na Studentse (russisk: Спасск на Студенце).
I 1925 vedtok ein uezd-partikonferanse at byen skulle døypast om til Bednodemjanovsk til ære for diktaren Demjan Bednyj. Bednyj sjølv vitja aldri byen, men hadde etter sigande ein livleg korrespondanse med innbyggjarane. I 2005 fekk byen igjen namnet Spassk, etter dekret frå president Vladimir Putin.
Merknader
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Spassk» frå , den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1600-talet