Laks (Salmo salar) er ein fisk i laksefamilien. Han er raud i kjøtet. Raudfarga kjem av astaxantin som laksen får i seg gjennom å eta krepsdyr, i hovudsak reker. Ein finn laksen langs heile norskekysten. Hannlaksen kan verta opp til 1,5 m lang, og få ei vekt på opp til 40 kg. Holaksen er noko mindre enn hannlaksen og har mindre maksimalvekt.

mini|venstre|Teikning av laks i sjøen. Laksen lever både i ferskvatn og uti havet. Han gyt i elvar. Etter nokre år vert laksen i stand til å leva i saltvatn. Den prosessen laksen og andre anadrome fiskar går gjennom og som gjer dei i stand til å tole saltvatn blir kalla smoltifisering. Ein smolt er dimed ein fisk som er klar til å vandra frå innsjøar og elvar og ut i havet.

På grunn av landhevinga etter siste istid vart ein del laksestammar stengde inne og mista tilgang til saltvatn. Desse lever heile sitt liv i ferskvatn og blir omtala som innsjølaks eller reliktlaks. I Noreg er det to kjende innsjølaksar; namsblank (småblank) i elva Namsen og bleke (byglandsbleke) i Byglandsfjorden. Den største innsjølaksen er venerlaksen som før utbygginga av Klarelva gjekk opp til Trysil.http://www.vanerblanket.se/om-vanern/fakta-om-vanerlaxen/ Det har òg vore ein reliktlaks i Arendalsvassdraget, Nelauglaks. Denne blir rekna som utrydda.

Det vert drive sportsfiske etter laks.

Mange stader i Noreg vert det drive oppdrett av laks. Rømd oppdrettslaks kan verta eit problem for villaksen.

Sjå òg Oppdrettslaks Fiskeoppdrett Lakselus Lakseparasitten Gyrodactylus salaris

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Laksefakta.no Meir fakta om Laks Miljøstatus i Noreg - laksefisk

Kategori:Matfisk Kategori:Laksefiskar