mini|Blå dvergvedder Dvergvedder er ein populær tamkaninrase. Han er ein minatyrvedder, og er kjenneteikna av hengande øyre og ei låg vekt, ideelt mellom 1,4 til 1,9 kg.

mini|venstre|Tre år gammal dvergvedder. Rasen blei ala fram i Nederland av Adrian de Cock frå slutten av 1940-talet, som kryssa fransk vedder, hermelin og engelsk vedder. Dvergvedderen blei innført i den nederlandske standarden i 1964, og blei teken med i Nordisk standard i 1972.

Kjelder Nordisk kaninregister

Bakgrunnsstoff Dvergvedder ved mittdyr.no

Kategori:Kaninrasar Kategori:Nederlandske husdyr