Bjarte er eit mannsnamn, ei norsk kortform av namn på Bjart-, og tyder 'lys, skinande'.

Bjarte har i Noreg namnedag den 1. februar.

Bruken av namnet i Noreg Namnet er kjend frå Møre og Romsdal frå 1700-talet.Folketeljing 1801 Populariteten voks monaleg etter andre verdskrigen, og nådde ein topp i 1970-åra. Ved folketeljinga i 1801 var fire registrerte med namnet Biarte,, alle frå «Agerøe» prestegjeld i Møre og Romsdal, og det var tre med namnevarianten Bjerte, og seks med namnet Bjertesen, alle frå Lesja (Lessøe) prestegjeld i Oppland. Ved folketeljinga i 1900 var det 11 som hadde namnet Bjarte, av dei sju i Vestnes i Møre og Romsdal I 2008 er det 2076 som har Bjarte til første fornamn

Kjende namneberarar Bjarte Leithaug (f. 1957), norsk forfattar, komponist, musikar og songar Bjarte Hjelmeland (f. 1970), norsk skodespelar Bjarte Engen Vik (f. 1971), norsk kombinertløpar Bjarte Mørner Tveit (f. 1978), norsk dokumentarfilmregissør og produsent Bjarte Eike, norsk fiolinist Bjarte Breiteig (f. 1974), norsk forfattar Bjarte Vatlestad, (f. 1973) norsk fotballspelar Bjarte Myrhol, (f. 1982) norsk handballspelar Bjarte Keilen, (f. 1990) norsk judoutøvar Bjarte Haugsdal (f. 1990), norsk fotballspelar

Kjelder Folketeljingar i Digitalarkivet Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4

Bakgrunnsstoff

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norsk opphav