Røyken er ein tettstad i Asker kommune i Akershus. Før 2020 var bygda ein eigen kommune i Buskerud fylke, men ho vart 1. januar 2020 slegen saman med grannekommunane Hurum i Buskerud og Asker i Akershus fylke til den nye Asker kommune.Internettside om nye Asker kommune

Røyken kommune utgjorde den nordlege delen av halvøya Hurumlandet. Vest for halvøya og den tidlegare kommunen ligg Drammensfjorden og i aust ligg Oslofjorden. Tettstader i den tidlegare kommunen er Hyggen, Røyken, Spikkestad, Slemmestad/Bødalen, Nærsnes, Båtstø og Åros.

Flygeleiarsentralen for austlandet låg i Røyken, men er foreslått lagd ned. Det er korte avstandar til Drammen og Oslo, mange av innbyggjarane arbeider difor på denne strekninga. Det er buss-samband til begge byane, dessutan lokaltog til Oslo om Asker, og båt frå Slemmestad til Oslo.

Kyststien langs med Oslofjorden er ein tursti lagt til rette for fotturistar. Det er også Oldtidsvegen, den gamle ferdselsvegen frå Slemmestad til Gullaug i Lier.

Kjende røykenbøringar mini|venstre|Røyken stasjon i tettstaden Røyken ligg på Spikkestadlinja. Anders Andersen (1846-1931), første formannen i Arbeidarpartiet Wera Sæther, forfattar Bjørge Lillelien, journalist Rolf «Mulen» Karlsen, musikar

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Røyken kommune Martinsen, Terje, 2004-2005, Røyken : bygda og menneskene : 1840-1940, [band 1]. Røyken: Røyken kommune. Martinsen, Terje, 2004-2005, Røyken : bygda og menneskene : 1940-2000, [band 2]. Røyken: Røyken kommune.

Kategori:Tidlegare kommunar i Buskerud

Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019