Bodajbo (russisk Бодайбо) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 9 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Vitim, rundt 900 km nordaust for Irkutsk.

Han vart grunnlagd i 1864 for å tene den lokale gullgruve-industrien. Lena-massakren fann stad nær Bodajbo i 1912. Bodajbo fekk bystatus i 1925.

Vitim-hendinga Vitim-hendinga fann stad 25. september 2002 i nærleiken av byen. Ein meiner at det har vore eit nedslag av ein bolid eller ein kometkjerne.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Bodajbo» frå , den 25. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1864