mini|Nassau Hall.

Princeton University er eit privat universitet i Princeton i New Jersey i USA. Det er den fjerde eldste institusjonen for høgare utdanning i USA, grunnlagt i byen Elisabeth i 1746 som College of New Jersey. Det låg i 2008 på tolvte plass globalt på Times si liste over verdas beste universitet.Times - THES QS Top Universities, 201-300.

I 1896 flytta lærestaden til Princeton, og fekk samtidig namnet Princeton University. Princeton er eit av åtte Ivy League-universitet i USA.

I 2006 var det ialt 7 242 studenter ved Princeton, og skulepengane utgjorde US$ 33 000 årleg. Med 1 025 vitskapleg tilsette same året, gav det ein student:lærar-tettleik på 7:1, som er svært høgt, sjølv blant dei betre amerikanske universiteta.

Kjende studentar og tilsette James Baker – utanriksminister under president George H.W. Bush Albert Einstein – arbeida ved Institute for Advanced Study (IAS) ved Princeton F. Scott Fitzgerald – forfattar Joschka Fischer – tidlegare tysk visekanslar og utanriksminister John F. Kennedy – Den 35. presidenten i USA Thomas Mann – tysk forfattar og nobelprisvinnar i litteratur Toni Morrison – forfattar og nobelprisvinnar i litteratur Joyce Carol Oates – forfattar Robert Oppenheimer – «atombombas far», ein periode leiar for Institute for Advanced Study Donald Rumsfeld – forsvarsminister under president George W. Bush Brooke Shields – skodespelar Woodrow Wilson – Den 28. presidenten i USA Syngman Rhee – Den første presidenten i Sør-Korea John Forbes Nash – professor i matematikk og vinnar av «Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitenskap til minne om Alfred Nobel» (daglegtale: «nobelprisen i økonomi») i 1994 Atle Selberg – norsk matematikar og forfattar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Princeton University» frå , den 25. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Ivy League Kategori:New Jersey Kategori:Skipingar i 1746