Olav Lavik () var ein norsk diktar og bonde frå Ask på Askøy. Her budde han heile sitt liv på garden Sætre.

Biografi

Han debuterte i 1939 med skodespelet Dømd, men er mest kjend som lyrikar. Den fyrste diktsamlinga, Nattfugl skrik i svart skog, kom i 1954, og den siste, No har vinden longe tagna - Vestlandsvers, i 1995. Han gav ut heile 12 diktsamlingar og 4 skodespel.

Saman med venen Conrad Clausen, var han ein av dei mest trufaste i Vestmannalaget. I 25 år sat han i styret for Noregs Fredslag. Lavik var med då Ivar Aasen-sambandet vart skipa. Dessutan møtte han i styret for Opedalsfondet og Fritz Monrad Walles Fond. Han var mangeårig medlem i Norsk Forfattarforening.

Olav Lavik fekk Hordaland fylke sitt kunstnarstipend i 1971 og Askøy kommune sin kulturpris, «Kipekjerringa», i 1993. Han vann ei diktartevling i Bergens Tidende med eit humoristisk dikt under pseudonymet Malvin Multemyrmoen. Han har skrive den offisielle askøysongen, «Song til Askøy». Saman med visegruppa Fenring, var han i 1979 gjest i Erik Bye sitt program Toner fra Askøy.

Lavik sine dikt er tonesett av visesongaren Vigleik Dyrøy, Jan Hanevik, Nils Eivind Nikolaisen, Geirr Tveitt, Ivar Medaas og Hans Jørgen Høines. Fleire Lavik/Dyrøy-songar er spelt inn på plate. Saman har Lavik og Dyrøy halde fleire konsertprogram. Gruppa Demring har laga ei førestilling kalla Audslegt rop mot bratt fjell som er basert på Lavik/Dyrøy-songar.

Olav Lavik var ein samfunnsengasjert lyrikar. Likevel er det kanskje dei vakre naturskildringane han vert mest hugsa for. Olav Lavik var som diktar både lokal og universell.

Ettermæle

Hausten 2009 gav Askøy Mållag ut ei minnebok om og av Olav Lavik. Tittelen er: Kall meg rimsmed og jordtræl - Olav Lavik i liv og dikting. Boka inneheld eit utval på 62 dikt som er vorte gruppert etter innhald/tema. Det er òg teke med ei novelle. I boka er ein biografisk del med artiklar av Harald Clausen, Johannes Gjerdåker og Kjetil Berthelsen. På bakpermen er det lagt ved ein CD med 11 songar innspelt av gruppa Demring. Dette er Lavik-dikt tonesett av Vigleik Dyrøy (9) og Jan Hanevik (2). Bak i boka finn ein notar på tonesette dikt. Boka er rikt illustrert med teikningar av Liv Eriksen og mange bilete. Redaksjonsnemd har vore Vigleik Dyrøy (red.), Norvald Hestholm, Einar Ådland og Harald Clausen.

Bibliografi

Dømd - skodepel i 2 akter - 1939 Nattfugl skrik i svart skog - Viser og vers - 1954 Morgon med rimfrost - Viser og Vestlandsvers - 1959 Raud rubin røva i natt - komedie i 2 akter - 1961 Taparen - skodespel i 1 akt - 1962 I skyming bliktar stjerner fram - Strofer frå Strilelandet - 1967 Trua og teiknet - skodespel i 1 akt - 1971 Strofer frå Strilelandet - 1976 Sommarfuglen i rimfrostgrend - Trettan Skisser - 1977 Enno skin så skir ei stjerne - 1979 O, var jeg blot een Lærke - Samlede Strofer og Suk gennem 25 aar 1981 - Under pseudonymet Malvin Multemyrmoen Audslegt rop mot bratt fjell - Vestlandsvers - 1983 I stormen - Strofer frå Askøy - 1992 Det veks ei rose - Strofer frå Sætre - 1993 Serenade i september - Skisser og strofer frå Ask - 1994 No har vinden longe tagna - Vestlandsvers - 1995

Kjelder

Harald Clausen: «Med ordet som våpen og reidskap».

Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Askøy