Geir Skeie () er ein norsk meisterkokk. Under Bocuse d’Or Europa i Stavanger juli 2008 vart han europeisk meister og i januar 2009 vann han Bocuse d’Or.
Under NM i kokkekunst i 2003 vann han og fekk tittelen Årets kokk. I 2004 var han lagleiar for lærlingelaget som vann Noregscupen. Han arbeider no som kokk hos Mathuset Solvold i Sandefjord. Han har tidlegare mellom anna arbeidd hos Finnegårdsstuene i Bergen, Jans mat og vinhus i Stavanger, Solsiden i Oslo og på Skarsnuten hotell i Hemsedal.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Geir Skeie» frå , den 27. januar 2009.
Kategori:Norske kokkar Kategori:Folk frå Fitjar