Belaja Kholunitsa (russisk Бе́лая Холуница) er ein by i Kirov oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Belaja Kholunitsa, ei sideelv til Vjatka, 82 km nordaust for Kirov.

Belaja Kholunitsa vart grunnlagd i 1764 då eit jernverk vart bygd her, som busetnaden Kholunitskij (russisk: Холуницкий). Han vart seinare omdøypt Belokholunitskij (russisk: Белохолуницкий) då elva han låg ved fekk nytt namn. Staden fekk bystatus i 1965.

Verksemder i byen er i hovudsak knytt til handsaming og foredling av trevirke. Det finst førekomstar av jernmalm, leire, grus, kalk og torv på i området rundt byen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Belaja Kholunitsa (by)» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1764