Selbu (sørsamisk Saalboge) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord mot Malvik og Stjørdal, i aust til Meråker og Tydal, i sør til Holtålen og Midtre Gauldal, og i vest til Melhus og Klæbu kommune. Geografisk er Selbu ein sidedal til Stjørdalen.

Geografi Skarvan og Roltdalen nasjonalpark ligg på nordsida av hovuddalføret. Dragsten Innbygda i Selbu

Næringsliv Kommunen er kjent for strikking, og mønsteret selburosa, som er gjengitt i kommunevåpenet, finst på eit stort tal vottar, strømper og så vidare frå kommunen.

Selbu er også kjent for store kvernsteinsbrot i fjellet ved Kvernfjellvatn. Desse brota var i drift i nærare 1500 år fram til 1930-åra. Allereie i vikingtida fann det stad eksport herfrå til heile Noreg, Danmark og Sør-Sverige, seinare også til Russland.

Selbu er ein skogkommune og har Kjeldstad sag og trelast som hjørnesteinsbedrift.

Kjente selbyggar Peder Morset (1887–1943), motstandsmann under krigen Belle Gunness (1859–ca. 1908), massemordar i USA Oscar Tybring (1847–1895), grunnleggjar av Redningsselskapet Reidar Morset (1918–2001), programleiar for Morgengymnastikken i NRK radio Kristen Kvello (1931–1998), skiløpar og speakar Berit Aunli (f. 1956), langrennsløpar Grete Ingeborg Nykkelmo (f. 1961), langrennsløpar Kjersti Synneva Moen (f. 1995), illustratør og teikneserieskapar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Trøndelag