Sjenkursk (russisk Шенку́рск) er ein by i Arkhangelsk oblast i Russland på høgre sida av elva Vaga. Han har om lag 5 000 innbyggjarar.

Sjenkursk vart først nemn i skriftlege kjelder i 1229. Ivan den grufulle kalla staden Vaga og inkluderte det i sin opritsjnina. Staden bestod på den tida av eit tømmerfort og var bustad for lokale biskopar.

Fjodor I av Russland gav Sjenkursk til svigerbror sin, Boris Godunov, som testamenterte han til sin eigen svigerson, Johan av Schleswig-Holstein. Romanovane gav distriktet til prins Dmitrij Trubetskoj som hans vottsjina. Då han døydde gjekk byen tilbake til krona. I 1640–1643 gav tsaren ordre om at ei ny festning skulle byggast i Sjenkursk. Katarina den store gav Sjenkursk bystatus i 1780.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Sjenkursk» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff