Trubtsjevsk (russisk Трубчевск) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 90 km sørvest for Brjansk.
Historie Trubtsjevsk er ein gammal severisk by, som første gong er nemnt som Trubetsk i austslaviske dokument som skildrar hendingar i 1164 og 1183. Lokalt reknar ein 975 som grunnleggingsåret. Bynamnet vart i desse tidlege periodane stava som Trubetsj (Трубечь), Trubetsk (Трубецк), Trubtsjesk (Трубческ) og Trubezjsk (Трубежск).
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Trubtsjevsk» frå , den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff