Babajevo (russisk Баба́ево) er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kolp, ei sideelv til Suda, 246 km vest for Vologda.

Ifølgje segna vart landsbyen Babajevo grunnlagd i 1460 av ein bonde ved namn Babaj (derfor namnet på byen). I 1882 vart ein metallurgisk fabrikk, som produserte telegrafleidningar, spiker og krokar, bygd her. Busetnaden fekk bystatus i 1925.

Det er to meieri, ein elektroteknisk fabrikk og ein møbelfabrikk i byen, som ligg ved jernbanelinja mellom Vologda og Sankt Petersburg.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Babajevo» frå , den 29. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1400-talet