Svetlogorsk er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen, rundt 35 km nordvest for Kaliningrad.

Historie mini|venstre|Stranda i Svetlogorsk i juni.

Svetlogorsk ligg i den historiske regionen Samland i Aust-Preussen. Ein gammalprøyssisk fiskarlandsby kalla Ruse-moter (tyder kjeller-området) på staden der Svetlogorsk ligg i dag vart første ogng nemnd i 1258. Den tyske riddarordenen erobra gradvis landet og forvrengte namnet til Rause-moter, Raushe-moter og til slutt Rauschen.

Tidleg på 1800-talet var staden ein fasjonabel tysk feriestad. 24. juni 1820 vart det offisielt anerkjend som kurstad. Bygginga av Königsberg-banen i 1900 auka populariteten til feriestaden. Ein kabelbane og ein galoppbane vart bygt i Rauschen før den andre verdskrigen.

I 1945 vart Rauschen erobra av Sovjetunionen. Byen vart ein del av Kaliningrad oblast og i 1946 vart bynamnet endra til Svetlogorsk.

Økonomi og næringsliv Han er i dag ein populær sommerferiestad på grunn av sine strender, spa, klubbar og attraksjonar.

Galleri

Merknader

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Svetlogorsk (Kaliningrad oblast)» frå , den 29. januar 2009.

Bakgrunnsstoff