Ljuban (russisk Любань) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 4 500 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tigoda, 85 km søraust for Sankt Petersburg.
Busetnaden har vore kjend sidan 1400-talet. Han fekk bystatus i 1912. Jernbanen Moskva–Sankt Petersburg går gjennom byen. Den viktigaste industriverksemda i byen er eit sagbruk.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Ljuban» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff