Gagarin (russisk Гага́рин) er ein by i Smolensk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Gzjat, 210 km nordaust for Smolensk.

Historie Byen vart grunnlagd i 1718 som Gzjatsk (russisk Гжатск) og fekk byrettar i 1776. Byen fekk i 1968 nytt namn, etter den første kosmonauten, Jurij Gagarin, som vart fødd i den nærliggande landsbyen Klusjino i 1934.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1718