Kvinne-FM i sjakk, engelsk Woman FIDE Master (WFM), er den tredje høgast rangerte vanlege sjakktittelen som Verdssjakkforbundet FIDE tildeler berre til kvinnelege sjakkspelarar. Tittelen blir vanlegvis tildelt fordi spelaren har oppnådd ein eigen rating på 2100 eller meir. Tittelen rangerer under Kvinne-stormeister i sjakk og Kvinne-IM i sjakk, men over Kvinne-CM i sjakk. Tittelen er livsvarig.
Her er også reglar som gir WFM-tittelen automatisk til dei som til dømes gjer gode prestasjonar i Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i handboka til FIDE på nettet.1.0. Requirements for the titles designated in 0.31. Reglane i FIDE si handbok
Ratinglista til FIDE per 1. april 2021 viser at 1 754 kvinner har WFM-tittelen.FIDE si ratingliste
Per 17. november 2025 er det fire norske spelarar som har WFM-tittelen: Sylvia Johnsenhttps://ratings.fide.com/profile/1500988, Anita Grønnestadhttps://ratings.fide.com/profile/1502972, Maud Rødsmoenhttps://ratings.fide.com/profile/1510550 og Nina Hagesætherhttps://ratings.fide.com/profile/1501542.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sjakktitlar
ca:Títols_de_la_FIDE#Mestre_de_la_FIDE_Femení en:FIDE titles#Woman FIDE Master (WFM)