Sjatsk (russisk Шацк) er ein by i Rjazan oblast i Russland med om lag 6 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Sjatsja, ei sideelv til Tsna), rundt 145 km søraust for Rjazan.
Sjatsk vart grunnlagd i 1553 som ein militær utpost for å forsvare dei sørlege grensene til Storfyrstedømet Moskva. Byen fekk byrettar under Katarina den store i 1779.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1553