Dalneretsjensk (russisk Дальнере́ченск) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg berre fem kilometer frå den kinesiske grensa, rundt 350 km nord for Vladivostok (vegavstand 430 km).
Historie Byen vart grunnlagd av kosakkar i 1895 og han vart raskt eit tømmersenter på grunn av den storvokste gran- og furuskogen i området. Han fekk bystatus i 1917.
Byen vart opphavleg kalla Iman (russisk: Иман, koeransk 언만, Unman, kinesisk 伊曼, Yiman). Det russiske namnet vart endra til Dalneretsjensk (som tyder ein stad ved ei elv langt borte i 1972), som ein del av ein kampanje for å feste sovjetisk suverenitet i regionen. På kinesisk vert framleis namnet Yiman nytta.
Det er ein minnested i byen der grensevaktane som døydde under den kinesisk-sovjetiske grensekonflikta på Damanskijøya i 1969 er gravlagd.
Klima Den årlege temperaturnormalen i byen er +1,5 °C. Temperaturnormalen i juli er +20,7 °C, i januar −17,7 °C.
Økonomi og næringsliv Økonomien i byen er dominert av verksemder innan treforedling, som Primorskij DOK, JSC Dalneretsjenskij Lesokombinat og andre.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Dalneretsjensk» frå , den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1894