Polen, offisielt Republikken Polen, er eit land i Sentral- eller Aust-Europa. Det ligg i midten av Europa og grensar i vest mot Tyskland, i sør mot Tsjekkia og Slovakia, i aust mot Ukraina og Belarus, og i nord mot Austersjøen, Litauen og den russiske Kaliningrad-eksklaven. Polen delar òg sjøgrenser med Danmark og Sverige. Med ei flatevidd på 312 679,67 km² er Polen verdas 69. største land. Folketalet i Polen er om lag 38,5 millionar menneske, for det meste busette i byar.
Den fyrste polske staten oppstod i 966, med eit territorium som liknar på dei moderne grensene til Polen. Landet vart eit kongedøme i 1025 og gjekk i 1569 inn i ein langvarig union med Storhertugdømet Litauen og danna Det polsk-litauiske samveldet. Samveldet vart oppløyst i 1795 då Polen vart delt mellom grannelanda sine Russland, Preussen og Austerrike. Polen vann sjølvstendet sitt tilbake i 1918 etter fyrste verdskrig, men tapte det igjen under andre verdskrig, då landet vart okkupert av Det tredje riket og Sovjetunionen. Etter krigen vart Polen gjort om til eit sosialistisk «austblokkland» under sovjetisk kontroll. I 1989 kvitta Polen seg med sosialiststyret og landet vart uformelt kjent som «Den tredje polske republikken».
I dag er Polen eit parlamentarisk demokrati som består av seksten voivodskap, og er det sjette mest folkesette medlemsland i Den europeiske unionen. Landet er dessutan medlem i NATO, OECD, WTO og fleire andre internasjonale organisasjonar.
Namn Forsøk på å forklåre etymologien til namnet «Polska» lukkast ikkje og opphavet av det held fram med å vere usikkert. Sannsynlegvis kjem det frå eit folkenamn «Polanie» (polanarar), som var ein vestslavisk stamme folkesett i det notidige Stor-Polen, medan dette folkenamnet er avleidd av urslavisk *polje «åker» (jf. polsk pole). Andre forfattarar stør at landsnamnet er direkte avleidd frå *polje, medan «polanarar» aldri eksisterte sidan dei opptrer i skrivne kjelder mykje seinare enn namnet «Polska» sjølv. Adjektivet polski «polsk» tydde opphavleg «åker(s)-» og fekk moderne meining om lag i 1500-talet. Namnet «Polska» vert danna antakeleg ved forkorting av ziemia polska («polsk land», jf. latin terra Poloniæ og Hrvatska som har òg adjektivisk opphav).
Det tyske namnet «Polen» er etymologisk sett fleirtal av Pole «polakk» og vert lånt av ei rekkje andre germanske språk, til dømes nederlandsk og alle tre fastlandske skandinaviske språk. Engelsk, færøysk og islandsk brukar i staden samansetjingar — Poland og Pólland. På norrønt het Polen Pulinaland. Dette namnet opptrer i Soga om Didrik av Bern.
Historie Grunnlegging av riket 185px|mini|venstre|Kroning av den fyrste kongen i Polen av Jan Matejko.
Som den fyrste leiaren i Polen reknar ein fyrsten Mieszko I (ukrona) som regjerte 962–992. Giftarmålet hans med den tsjekkiske prinsessen Dubrawa av Böhmen i 965 er anteke å ha påskunda kristninga av landet i fylgjande år. Sonen deira, Bolesław I Chrobry, gjekk opp på trona ved faren sin daude i 992 og regjerte fram til dauden sin i 1025. Straks innan han døydde vart han krona av biskopen i Gniezno (som då truleg var hovudstaden i Polen) og vert difor rekna som den fyrste krona kongen av Polen. Under 1100-talet kom det etter Bolesław III sin daude til ei oppdeling av landet i mindre landskap som var styrte av hans born. Kort tid etter byrja interne kamper over trona i Kraków som utvikla seg til den mest viktige byen i landet. Denne perioden varte 160 år og la vestlege landskap til rette for å kome under tysk kontroll. Władysław I Alnehøg sameinte likevel riket og vert krona til konge av det sameinte Polen i 1320.
Mellomalderen, Samveldet og usjølvstende mini|Det polsk-litauiske samveldet i sitt største omfang.
Det mellomalderlege kongeriket Polen gjekk i 1385 inn i personalunion med Storhertugdømet Litauen for å verne seg mot Den tyske riddarordenen og Storfyrstedømet Moskva. I 1569 vart ein realunion skapt mellom begge landa som de facto tydde at Litauen utgjorde ein del av Polen. Denne tida vert kalla for «det gylne hundreåret», medan det nyskapte landet vart kalla for Det polsk-litauiske samveldet eller «Republikken av to nasjonar» (polsk: Rzeczpospolita Obojga Narodów). Under 1500-, 1600- og 1700-talet auka suksessivt makta til den polske adelen på kostnad av dei polske kongane, som til slutt førte til administrativt og sosialt kaos. Det berømte uttrykket liberum veto (latin for «fritt veto») har opphavet sitt i tida då ein enkelt adelsmann hadde rett til å stoppe ei riksdagsavgjerd når absolutt semje om ei sak vart oppfatta som grunnleggjande for at ho skulle verte handheva. Uttrykket polsk riksdag stammar òg frå denne tida og vert brukt i dag om situasjonar der kaos og usemje rår.
Mellom 1594 og 1649 braut fleire kosakkopprør ut i det polske riket som ætta frå framfor alt religiøs forfylging av ortodokse ukrainarar av det katolske kyrkja og den polske staten. Det siste opprøret førte til at Ukraina i 1654 slutta seg til Russland. Ifylgje fredavtalen mellom Russland og Polen frå 1667 vart Ukraina definitivt tilføyd Russland.
Ved slutten av 1700-talet vart det økonomisk og militært svake Polen delt ved tre høve (1772, 1793 og 1795) opp mellom stormaktene Russland, Preussen og Austerrike. Territoriet krympa ved begge fyrste delingane og gjennom den siste delinga tok landet slutt å eksistere som sjølvstendig stat. Den polske nasjonen fekk dernest forvalte og utvikle kulturen sin underjordisk, trass attvendande russifiserings- og fortyskingskampanjar.
200px|thumb|left|Den russiske armeen under unntakstilstand i Warszawa i 1861.
Tusenvis av polakkar vende seg til hærane til det revolusjonære Frankrike for å kjempe for fridomen til nasjonen under flagga deira i dei polske legionane. Napoleon I oppretta i 1807 Storhertugdømet Warszawa som var ein fransk satellittstat. Polakkane forventa seg at storhertugdømet skulle vere det fyrste steget innfor attoppretting av ein suveren polsk stat. Storhertugdømet Warszawa vart likevel erobra av styrkane til den sjette koalisjonen i 1813 og etterpå delt mellom Russland og Preussen etter Wienerkongressen i 1815. Under resten av 1800-talet tok fleire mislukka opprør plass, derav alle slost ned hardt (1830–31, 1832, 1844, 1846, 1848-49, 1863-65, 1866, 1905). Polakkar tok del ogso i opprør i andre statar som var direkte eller indirekte retta mot nokon av Polen sine tre okkupasjonsmakter. Det var berre etter den fyrste verdskrigen då den uavhengige, suverene polske staten vart atterreist. Kampane i Polen slutta likke fullt ikkje etter den fyrste verdskrigen. Det atterfødde Polen ende opp straks i konflikt med alle grannestatar over territoria som det hadde krav på.
Konflikten med Ukraina og deretter med Sovjetunionen var den mest alvorlege og mest omfattande. Den polsk-sovjetiske krigen (1920–1921) slutta med ein polsk siger. Den polske grensa mot Sovjetunionen vart fastsett i 1921 gjennom fredsavtalen i Riga.
Den andre republikken og andre verdskrig mini|venstre|Bysenteret i Warszawa i 1939.
Etter at polske grenser vart fastsette, oppstod det mange politiske og etniske problem – Polen var ein multietnisk stat som gjekk inn i konfliktar over grenser med nesten alle grannane sine. Ved sida av den store polsk-sovjetiske krigen kjempa polakkar mellom anna mot Litauen over Vilnius og mot Tsjekkoslovakia over Zaolzie. Sjølv om militære operasjonar tok slutt i 1921, vart den tunge politiske situasjonen behalden og påverkar framleis internasjonale forhold mellom Poland og grannelanda.
Mai-kuppet 12.–14. mai 1926 overførte leiinga av Den andre polske republikken til Sanacja-rørsla under Józef Piłsudski som innførte eit autoritært styre i landet. Sjølv om Piłsudski døydde i 1935, kontrollerte Sanacja Polen fram til byrjinga av den andre verdskrigen 1. september 1939, då Polen vart invadert av og delt mellom Det tredje riket og Sovjetunionen, ifylgje dei hemmelege klausulane i Ribbentrop-Molotov-pakten. Det polske territoriet var under delt sovjetisk og tysk okkupasjon fram til juni 1941.
I denne perioden dreiv både tyskarane og sovjetarane forfylging av lokalbefolkninga med særleg fokus på å råke den polske eliten. Kringom 200 000 vart avretta eller døydde i fangenskap, med dei to regima ansvarlege for omtrent halvdelen kvar. Desse tala inkluderer om lag 50 000 menneske som vart avretta av tyskarane hausten 1939, massemordet på den polske offiserseliten i Katyn våren 1940 og nesten 10 000 som vart skotne i ein hasteaksjon av NKVD etter Tyskland invaderte Sovjetunionen i juni 1941, og personar som døydde som fylgje av deportasjonen av sirka 315 000 menneske til sovjetiske arbeidsleirar i Sibir og Kasakhstan.
mini|Ei av massegravene i Katyn.
Regimet til Adolf Hitler var særleg hardt mot den polske sivilbefolkninga. Av alle land som var med i andre verdskrig, mista Polen den høgaste prosentdelen av befolkninga si. Den tyske okkupasjonen kravde livet til 6 millionar polakkar, halvdelen av dei polske jødar. Jødane utgjorde ved byrjinga av invasjonen om lag 10 % av landet si befolkning, og rundt 90 % av dei vart rydda ut. I tillegg kom enorme materielle øydeleggingar, der mellom anna Warszawa vart jamna med jorda.
Etter krigen måtte Polen, som fylgje av den sovjetisk-britisk-amerikanske Jaltaavtalen, gje avkall på store område i aust til Sovjetunionen, medan grensene ti landet vart forskuva vestover. Det nye Polen vart 20% mindre enn før krigen, og grenseendringane framtvinga migrasjonen av millionar av menneske – polakkar, tyskarar, ukrainarar og jødar. Som fylgje av desse hendingane vart Polen for fyrste gong i sin fleirkulturelle historie ein etnisk homogen stat. Ein polsk minoritet finst framleis i grannelanda Ukraina, Kviterussland og Litauen, so vel som i fleire andre land.
Etter andre verdenskrig Makta i Polen vart overteken av ein sovjetkontrollert overgangsregjering gjennom rigga val som gav makta til sosialist- og kommunistdrivne parti i samband med frigjeringa frå Nazi-Tyskland under slutten av andre verdskrig. Landet var utropt som ein sosialistisk folkerepublikk (offentleg namn 1947–1990: Polska Rzeczpospolita Ludowa – «Folkerepublikken Polen» i 1947 etter kampar som kosta ytterlegare 100 000 polakkar livet. Landet var under tida si som folkerepublikk medlem av Warszawapakta og COMECON. Under autoritær leiing av Det sameinte polske arbeidarpartiet (PZPR) heldt Polen fram med å vere sosialistisk folkerepublikk de jure til 1990 (de facto 1989), då eit fritt, demokratisk land var proklamert.
Under Stalin-perioden vart landet styrt med ganske repressive metodar. Etter dauden til Stalin var ei viss reformering og liberalisering innført under Władysław Gomułka. Etter 1968 vert misnøya med systemet kanalisert i ei antisemittisk utreinsking og i 1970, etter opptøyane i hamnebyane Gdańsk, Gdynia i Szczecin, der fleire demonstrerande arbeidarar vart daudskotne, vart Gomułka avsett av Edward Gierek.