NGC 4921 er ein spiralgalakse som ligg rundt 320 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Berenike sitt hår. NGC 4921 er ein sokalla «anemisk spiral», der den vanlegvis kraftige stjernedanninga som dannar spiralarmane i spiralgalaksar er svak. Mykje av den ytre spiralstrukturen er òg uvanleg jamn.
NGC 4921 ligg i galaksehopen Coma.
Kjelder
Denne artikkelen baserer seg på biletsleppet «Exceptionally deep view of strange galaxy» frå den 5. februar 2009 av det europeiske informasjonssenteret for Hubble.
Kategori:Spiralgalaksar Kategori:Berenike sitt hår 4921 Kategori:UGC-objekt