Hustad kyrkje er ei einskipa langkyrkje på Hustad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1875 og bygd i treverk. Ho har kring 350 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan og ho er reist av byggmeister Jacob Digre.
Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Kyrkja som står no er den tredje kyrkja på Hustad. Den første var ei stavkyrkje som brann ned i 1718. Om ho stod på same plassen som no veit ein ikkje. Soknet var utan kyrkje i 20 år før det fekk ny. Den nye kyrkja vart bygd i 1738 av tømmer, var raudmåla og hadde krossform. Denne kyrkja stod omtrent på same plassen som kyrkja i dag og vart riven for å gje plass til den nye.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Hustadvika Kategori:Kyrkjer i Molde Domprosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1874 Kategori:Kulturminne i Hustadvika