«Baby, You’re a Rich Man» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles den 11. mai 1967 ved Olympic Sound Studios med hjelp frå lydteknikar Keith Grant. Dette var den første songen bandet spelte inn og miksa utan å nytte Abbey Road Studios.Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions, s. 111

Songen starta som to forskjellige, uferdige songar. Versa er frå ein song kalla «One of the Beautiful People» av John Lennon, medan refrenget var Paul McCartney sin uferdige «Baby, you’re a rich man …». Dette vart gjort på liknande måte med songen «A Day in the Life».Barry Miles, Many Years From Now, s. 370-371 Melodien i versa vart nytta i songen «Put a Little Love in Your Heart» av Jackie DeShannon.

Songen vart spelt inn under innspelinga av EPen Magical Mystery Tour, men vart først ikkje gjeve ut på denne doble EP-en. I USA vart Magical Mystery Tour gjeve ut som ein full LP med songar som tidlegare berre hadde vore på singel. Seinare vart denne LP-utgåva rekna som den offisielle utgåva, som mellom anna CD-utgåva er basert på.

Medverkande I følgje Mark Lewisohn og Ian MacDonald:

The Beatles John Lennon – solovokal, piano, clavioline Paul McCartney – korvokal, bass, piano George Harrison – korvokal, rytmegitar, sologitar, klapping Ringo Starr – trommer, tamburin, maracas, klapping

Andre musikarar Eddie Kramer – vibrafon

Brian Jones (frå The Rolling Stones) vert stundom feilaktig rekna som personen som spelar Clavioline. Mick Jagger var til stades under innspelinga, og namnet hans står på boksen som inneheld lydbandet av opptaket, noko som kan tyde på at han kanskje song korvokal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Baby You're a Rich Man» frå , den 8. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Songtittelen i moderne bruk

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Psykedeliske popsongar Kategori:Britiske psykedeliske rockesongar Kategori:The Fat Boys-songar