Roy Jacobsen () var ein norsk forfattar frå Oslo.
Bakgrunn Jacobsen voks opp i Groruddalen i Oslo. Frå 1979 til 1986 budde han på heimstaden til mora på Solfjellsjyen i Dønna kommune i Nordland. Han arbeidde blant anna som snikkar, fiskar, lærar, sjauar og pleieassistent, også etter debuten i 1982, før han vart forfattar på heiltid i 1990.
Forfattarskap Han debuterte i 1982 med novellesamlinga Fangeliv som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Han var nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for romanane Seierherrene i 1991 og Frost i 2004. Som fyrste nordmann vart han nominert til Man Booker International Prize, for romanen De usynlige i 2017.
Bøkene hans har vorte omsette til mellom anna dansk, tysk, svensk, engelsk, polsk, finsk, islandsk, nederlandsk, rumensk og albansk.
Privatliv Roy Jacobsen var gift med fyrsteamanuensis Anneliese Pitz.
Verk 1982 Fangeliv, noveller 1984 Hjertetrøbbel, roman 1985 Tommy, roman 1987 Det nye vannet, roman 1988 Virgo, roman 1989 Det kan komme noen, noveller 1990 Ursula, barnebok 1991 Seierherrene, roman 1992 Fata Morgana, roman, 1994 Den høyre armen, noveller 1995 Trygve Bratteli. En fortelling, biografi om Trygve Bratteli 1998 Ismael, roman 1999 Grenser, roman 2001 Fugler og soldater, noveller 2002 Det nye vinduet, noveller 2003 Frost, roman 2005 Hoggerne, roman 2007 Marions slør, roman 2009 Vidunderbarn, roman 2013 De usynlige, roman 2015 Hvitt hav – roman 2017 Rigels øyne – roman 2019 På randen av Vigeland – sjølvbiografisk forteljing 2019 Mannen som elsket Sibir – roman 2020 Bare en mor – roman
Prisar og utmerkingar 1982 Tarjei Vesaas' debutantpris for Fangeliv 1988 Notabeneprisen 1989 Kritikarprisen for Det kan komme noen 1991 Bokhandlerprisen for Seierherrene 1991 Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Seierherrene 1994 Ivar Lo-prisen 1994 Oslo bys kunstnerpris 2003 Riksmålsforbundets litteraturpris 2004 Nominert til Nordisk Råds Litteraturpris for Frost 2005 Gyldendalprisen 2009 Bokhandlarprisen for Vidunderbarn 2023: Utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske biografar Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1982 Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen