«Good Night» er ein song av The Beatles på albumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.
Songen er sungen av Ringo Starr og er ei roleg og behageleg avslutting på Det kvite albumet og kjem direkte etter den eksperimentelle og støyande «Revolution 9». Melodien er enkel og typisk for stilen Paul McCartney ofte nytta, men viser at òg Lennon kunne ha eit sentimentalt hjarte.
George Martin har arrangert orkesteret på ein smektande måte. Lennon sa at han ønskte at songen skulle lyde skikkeleg «cheesy», som ein storslått Hollywood-produksjon. Kvifor han let Starr synge er ikkje godt å seie, men den sorgtunge stemma til Starr passar fint inn i stemninga.
Ekteskapet med Cynthia gjekk mot slutten då Lennon skreiv songen, som opphavleg var meint som ein godnattsong for sonen Julian. Lennon skreiv to godnattsongar, begge for sønene sine. Den andre var «Beautiful Boy» for sonen Sean på albumet Double Fantasy.
Medverkande Ringo Starr – solovokal George Martin – celesta, orkesterarrangement The Mike Sammes Singers – korvokal Orkester – tolv fiolinar, tre bratsjar, tre celloar, tre fløyter, klarinett, horn, vibrafon, kontrabass, harpe Personell per Ian MacDonald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Good Night» frå , den 9. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Beatles hele livet, Bård Ose, Bergen 1999.
Bakgrunnsstoff Songtekst Alan W. Pollack «Good Night»
Kategori:Songar frå 1968 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Voggesongar Kategori:Barbra Streisand-songar Kategori:Vera Lynn-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar