Austaper, òg kalla dyreaper eller smalnaseaper, er dei ekte apene som finst i Afrika, Asia og Europa, noko òg namnet viser til («aust for Atlanteren»). Mennesket er den einaste arten av austapene som òg finst i Amerika og Australia.

Det vitskaplege namnet på gruppa, Catarrhini eller Catarhini (gresk κατά [kata], 'nedover', ρις [rhis], 'nase'), viser til at nasebora i dei smale nasene viser nedover.

Eit anna avleidd fellestrekk er at austapene mista éin premolar, slik at tannformelen er 2-1-2-3 (og dermed totalt 32 tenner). Medan menneskeapene manglar hale, har dei fleste dyreapene framleis hale, sjølv om ingen av dei har gripehale.

Namnet på gruppa framhevar skilnadane mellom austapane og vest- eller breinaseapene. Aust- og vestapene sine stamartar skilde lag for 100 millionar år sidan, då kontinentaldrifta skilde Afrika og Sør-Amerika.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Østaper» frå , den 9. februar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Primatar