«I Want You (She's So Heavy)» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Han er skriven av John Lennon med bidrag frå kona hans, Yoko Ono. Truleg handlar songen om henne.

Songen er ein sjeldan Beatles-komposisjon av fleire årsaker. Lengda er nesten åtte minutt, teksten er minimalistisk samanlikna med lengda (berre elleve forskjellige ord), ei tre minuttar lang avslutting med dei same gitarakkordane om att og om att, songen heller mot sjangeren heavy metal og songen endar særdeles brått. Songen sluttar faktisk utan noko som helst form for avslutting eller nedtoning av volumet og det som Allmusic omtalar som «øyredøyvande stillheit»

Alan Parsons, som var lydteknikar på opptaka forklarte den uvanlege avsluttinga: «Vi jobba med dei siste grepa på denne sida av av LPen og vi sat og lytta til miksinga då John sa; 'Der! Kutt lydbandet der!' Geoff (Emerick, ein av dei faste teknikarane til Beatles) kutta bandet og det var det. Slutt på side ein!»

Lennon nytta ein Moog synthesizer med kvit støy-generator til å skape den stigande og søkkande vindeffekten ein høyrer dei siste tre minutta (frå om lag 5:10). Denne støyen var til stor uro for lydfolka i EMI i 1987 då Abbey Road vart digitalisert. På vinyl var støyen innanfor toleransegrensene, men innanfor CD-teknologien si emne til å gjengi større skilnader i lydstyrke, vart han til eit stort problem.

George Harrison spelte elektrisk gitar på utgåva til Alvin Lee av denne Beatles-songen. Det er den hardaste rockesongen Harrison har medverka på.

Medverkande John Lennon – solo- og harmonivokal, sologitar, Moog synthesizer Paul McCartney – harmonivokal, bass George Harrison – harmonivokal, rytmegitar, sologitar Ringo Starr – trommer, congatrommer, vindmaskin Billy Preston – Hammondorgel (Personell per Ian MacDonald)

Bakgrunnsstoff Teksten Alan w. Pollack om «I Want You (She's So Heavy)»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Want You (She’s So Heavy)» frå , den 11. februar 2009.

Andre kjelder

Kategori:The Beatles-songar Kategori:Britiske bluesrocksongar Kategori:Britiske hardrocksongar Kategori:Britiske progressive rockesongar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Alvin Lee-songar Kategori:The Bee Gees-songar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-songar Kategori:The Flaming Lips-songar Kategori:George Benson-songar Kategori:Incubus-songar Kategori:John Legend-songar Kategori:Ministry-songar Kategori:Roby Hitchcock-songar Kategori:Sarah Vaughan-songar Kategori:Soundgarden-songar Kategori:Type O Negative-songar