Queen er eit britisk rockeband som vart skipa i London i 1970. Den klassiske besetninga deira var Freddie Mercury (solovokal, piano), Brian May (sologitar, vokal), Roger Taylor (trommer, vokal) og John Deacon (bassgitar). Dei tidlegaste verka til Queen var inspirert av progressiv rock, hardrock og heavy metal, men bandet glei gradvis meir mot konvensjonell og radiovennleg musikk utover i karrieren med til dømes arenarock og poprock.

Før dei danna Queen, spelte Brian May og Roger Taylor i lag i eit band kalla Smile. Freddie Mercury (då kjend under fødenamnet Farrokh «Freddie» Bulsara) var fan av Smile og oppfordra dei til å eksperimentere meir på scenen og i studio. Mercury vart med i bandet i 1970 og føreslo Queen som nytt namn på bandet, og byrja å bruke det kjende scenenamnet sitt. John Deacon vart med i bandet før innspelinga av debutalbumet Queen i 1973. Queen gjekk først inn på albumlista i Storbritannia med det andre albumet sitt, Queen II, i 1974, men det var utgjevinga av Sheer Heart Attack året etter og A Night at the Opera i 1975 som gav dei internasjonal suksess. Det sistnemnde albumet inneheld «Bohemian Rhapsody», som låg på toppen av singellista i Storbritannia i ni veker og populariserte musikkvideoen. Albumet News of the World inneheld «We Will Rock You» og «We Are the Champions», som har blitt mykje nytta under idrettsarrangement. Tidleg i 1980-åra var Queen blitt eit av dei største stadionrockbanda i verda. Konserten deira i 1985 under Live Aid vert rekna som ein av dei største augneblikka i rockehistoria av fleire musikkmagasin, og ei kåring blant musikkjournalistar i 2005 . I 1991 døydde Mercury av bronkopneumoni som følgje av AIDS, og Deacon trekte seg frå bandet i 1997. Sidan den gong har May og Taylor stundom spelt i lag, mellom anna med Paul Rodgers (2004–09) og med Adam Lambert (sidan 2011). I november 2014 gav Queen ut eit nytt album, Queen Forever, med vokal frå den avdøde Mercury.

Det er estimert at det samla platesalet deira er ein stad mellom 150 og 300 millionar plater, noko som gjer dei til ein av dei bestseljande artistane nokon gong. Queen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001.

Historie

1968–74: Tidlege dagar I 1968 starta gitaristen Brian May, som då studerte ved Imperial College i London, og bassisten Tim Staffell eit band. May sette opp ei annonse på ei tavle på skulen etter ein «Mitch Mitchell/Ginger Baker-aktig» trommeslagar. Roger Taylor, ein ung tannlegestudent, prøvespelte og fekk jobben. Gruppa kalla seg Smile.Hodkinson, Mark (2009). «Queen: The Early Years». s.118

Tim Staffell gjekk på Ealing Art College og vart der vener med Farrokh Bulsara, som hadde byrja å bruke det engelske namnet Freddie. Bulsara følte at han og bandet hadde same smak og han vart raskt ein stor fan av Smile. I 1970, då Staffell slutta for å bli med i bandet Humpy Bong, endra dei attverande medlemmane i Smile namnet til Queen, etter oppfordring frå Bulsara, og spelte den første konserten sin den 18. juli. Bandet hadde fleire bassistar i denne tida, men ingen av dei hadde god kjemi med resten av bandet. Det var først i februar 1971 dei slo seg til ro med John Deacon og byrja å øve til det første albumet sitt. Dei spelte inn fire av sine eigne songar, «Liar», «Keep Yourself Alive», «The Night Comes Down» og «Jesus», for eit demolydband, men ingen plateselskap var interesserte. Det var òg på denne tida at Freddie endra etternamnet sitt til «Mercury», inspirert av linja «Mother Mercury, look what they've done to me» i songen «My Fairy King».Blake, Mark. «Is This the Real Life?: The Untold Story of Queen». s. 96 Den 2. juli 1971 spelte Queen den første konserten sin med den klassiske besetninga med Mercury, May, Taylor og Deacon ved Surrey college utafor London."Queen: The Ultimate Illustrated History of the Crown Kings of Rock». s.26. Voyageur Press, 2009

Mercury hadde gått på kunstskule og designa logoen til Queen, kalla Queen-våpenskjoldet, kort tid før dei gav ut det første albumet. Logoen kombinerer stjerneteikna til dei fire medlemmane: to løver (Deacon og Taylor), ein kreps (May), og to alvar (etter jomfrua) (Mercury). Løvene tar kring ein stilisert Q-bokstav, krepsen kviler på toppen av bokstaven med flammer like over, og alvane skjuler seg under løvene. Det ligg òg ei krone inne i Q-en og heile logoen ligg i skuggen av ein enorm føniks. Heile symbolet minnar om det britiske riksvåpenet. Den originale logoen, som finst på baksida av omslaget til den første plata, var ei enkel strekteikning, men meir intrikate fargeversjonar vart nytta på seinare omslag.

mini|venstre|upright|Roy Thomas Baker produserte dei fire første albuma til Queen og Jazz. I 1972 gjekk Queen inn i diskusjonar med Trident Studios etter å ha blitt sett ved De La Lane Studios av John Anthony og etter forhandlingar fekk dei ein managementavtale med Norman Sheffield under Neptune Productions, ei avdeling under Trident som var manager for bandet og hjelpte dei til å bruke anlegga i Trident til å spele inn nytt materiale, medan managementet kunne leite etter ein platekontrakt for Queen. Dette passa bra for begge partar, sidan Trident ønskte å gå inn i managerverksemd og Queen fekk høve til å bruke det høgteknologiske studioet, som dei delte med band som the Beatles og Elton John. Trident hadde derimot vanskar med å finne eit selskap for eit band som hadde eit namn med slike konnotasjonar tidleg i 1970-åra.

I juli 1973 gav Queen omsider ut debutalbumet med same namn som bandet med ein avtale med Trident/EMI. Albumet var inspirert av heavy metal- og den progressive rocken på den tida.Buckley, Peter (2003) The rough guide to rock s.422. Rough Guides, 2003 Albumet fekk god kritikk. Gordon Fletcher frå Rolling Stone sa «debutalbumet deira er supert», og Daily Herald i Chicago kalla det «ein over middels debut». Det fekk lite merksemd hos ålmenta, og den første singelen, «Keep Yourself Alive», skriven av Brian May, selde dårleg. Seinare er «Keep Yourself Alive» trekt fram som høgdepunktet på albumet, og i 2008 rangerte magasinet Rolling Stone songen på 31. plassen på lista si over dei 100 beste gitarlåtane gjennom tidene og skreiv «riff nok til eit heilt album pressa inn i ein enkel song». Albumet selde til gullplate i Storbritannia og USA.

Det andre albumet til gruppa, Queen II, kom ut i 1974 og på omslaget er det ikonisk bilete av bandet teken av rockefotografen Mick Rock. Biletet vart nytta som grunnlaget for musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody» i 1975. Albumet nådde femteplassen på den britiske albumlsita og vart det første Queen-albumet som gjekk inn på denne lista. Freddie Mercury-songen «Seven Seas of Rhye» vart den første singelen frå albumet, og nådde tiandeplassen på den britiske singellista, og bandet fekk den første hitten sin. Albumet er det første verkeleg testamentet på det særeigne lagdelte lydbiletet til bandet, med lange, komplekse instrumentalparti, tekstar med fantasy-tema og virtuos framføring. Utanom den einaste singelen inneheld albumet òg songen «The March of the Black Queen», ein seks minuttar episk song utan refreng. Daily Vault skildra denne songen som «truande». Kritikarane var usamde. Winnipeg Free Press, som hadde hylla debutalbumet, skreiv at Queen II var «eit overprodusert monstrum». Allmusic har skildra albumet som ein favoritt blant den harde kjernen av Queen-fansen, og det er det første av tre Queen-album som er oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die, 1001 album du må høyre før du døyr.

1974–76: Sheer Heart Attack til A Night at the Opera Etter bandet hadde spelt seks konsertar i Uris Theatre i New York i mai 1974, kollapsa Brian May og vart diagnostisert med hepatitt.Mark Hodkinson. Queen: the early years. Omnibus Press 2004. Henta 17. mai 2016 Medan May kom til hektene att, byrja bandet å arbeide på det tredje albumet, utan May, men han kom attende midtvegs i innspelingsprosessen. Sheer Heart Attack kom ut i 1974 og nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia, selde godt i heile Europa og selde til gullplate i USA. Det gav bandet den første smaken på verkeleg internasjonal suksess, og vart ein hit på begge sider av Atlanteren. Albumet eksperimenterte med fleire musikksjangrar, som britisk varieté, heavy metal, balladar, ragtime og karibisk musikk. Queen byrja no å flytte seg bort frå dei progressive tendensane frå dei to første albuma til ein meir radiovennleg, song-orientert stil. Sheer Heart Attack introduserte ein ny stil og melodimønster som kom til å bli omdefinert på det neste albumet deira, A Night at the Opera.

Singelen «Killer Queen» frå Sheer Heart Attack nådde andreplassen på den britiske singellista, og vart den første hitten deira i USA, med ein 12. plass på Billboard Hot 100. Han kombinerer det sære, vaudeville og britisk varieté med gitarvirtuositeten til May. Den andre singelen frå albumet, «Now I'm Here», ein meir tradisjonell hardrocksong, nådde 11. plassen i Storbritannia, medan den raske rockelåten «Stone Cold Crazy» med dei kjappe riffa til May var ein føregangar til speed metal. I nyare år har albumet blitt hylla i mange musikkmagasin: I 2006 rangerte Classic Rock albumet på 28. plassen på lista si over dei 100 beste britiske rockealbuma gjennom tidene, og i 2007 rangerte Mojo songen på 88. plassen på lista si over 100 plater som endra verda.Mojo, June 2007, «The 100 Records That Changed the World" Albumet er også det andre av tre Queen-album som er oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

I 1975 drog bandet ut på ein verdsturné med kostyme skapt av Zandra Rhodes og store mengder lys og effektar. Dei turnerte som hovudband i USA og spelte i Canada for første gongen. I september, etter eit bittert brot med Trident, forhandla bandet seg ut av kontrakten med Trident Studios og søkte etter eit nytt management. Eit av tilboda dei vurderte kom frå manageren til Led Zeppelin, Peter Grant. Grant ønskte å signere dei til Led Zeppelin sitt eige produksjonsselskap, Swan Song Records. Bandet meinte kontrakten var uakseptabel og kontakta i staden manageren til Elton John, John Reid, som aksepterte stillinga.Hodkinson, Mark (2009). «Queen: The Early Years». s.166

Seint i 1975 spelte Queen inn og gav ut A Night at the Opera, og henta namnet frå ein populær film av Marx Brothers. På den tida var dette det dyraste albumet som nokon gong var produsert. Som føregangaren, bestod musikken på albumet av fleire forskjellige stilartar og eksperimentering med stereolyd. På «The Prophet's Song», ein åtte minuttar lang episk song, er den midtre delen ein kanon, med enkle frasar lagt oppå kvarandre til dei skapar ein full kor-lyd. Mercury-balladen «Love of My Life» vart spelt inn med harpe og fleire lag med vokalharmoniar. Albumet vart ein særs stor suksess i Storbritannia, og selde til tredobbelt platina i USA. Britane stemnde albumet fram til det 13. beste albumet gjennom tidene i ei undersøking på Channel 4 i 2004. Det har òg blitt rangert høgt i internasjonale undersøkingar. I ei verdsomfattande undersøking av Guinness, vart det stemnt fram til det 19. beste gjennom tidene, medan det i ei undersøking på ABC i Australia hamna på 28. plass. A Night at the Opera er ofte å sjå på lister over beste album, mellom anna hamna det på 16. plass på lista til magasinet Q over dei 50 beste britiske albuma gjennom tidene i 2004, og 11. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma gjennom tidene. I 2003 hamna det på 230. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene. A Night at the Opera er det tredje og siste Queen-albumet som er oppført i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.