thumb|Keith Richards i 1965.
Keith Richards () er ein engelsk gitarist, låtskrivar, songar, plateprodusent og eit av medlemmane i The Rolling Stones. Som gitarist er Richards mest kjend for hans innovative teknikk som rytmegitarist. I 2003 vart Richards rangert som den tiande beste gitariste gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone
I lag med Mick Jagger i låtskrivarpartnarskapet Jagger/Richards har Richards skrive og spelt inn hundrevis av songar. Fjorten av dei er på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Gitarist Richards vert rekna som ein av dei viktigaste og mest markante innan rock 'n' roll. Sjølv voks han opp med å lytte til mellom andre Chuck Berry, Muddy Waters og Jimmy Reed, alle kjend for sin rytmiske spelestil. Sjølv om han av mange vert kalla «Mr. Rock 'n' Roll» står han bak mange av The Rolling Stones' meir kjende balladar, som «Angie» og «Wild Horses».
I 1988 kom den første soloplata Talk is Cheap ut, ei plate han såg seg «nøydd» til gje fordi Stones var meir eller mindre oppløyst. Plata vert stundom nemnd i musikkblad som ei av de mest undervurderte platene gjeve ut sidan 1980-talet. Musikken ber preg av Richards mange stilretningar, frå cajun og soul til rock 'n' roll og R&B. Ein av songane er soul-balladen «Make No Mistake», som seinare vart nytta i Sopranos-serien.
I 2006 fall Richards ned frå ei palme på Fiji og fekk store hovudskadar. Han vart frakta til New Zealand der han vart operert. Operasjonen var vellukka, men førte til at europaturneen til The Rolling Stones i 2006 vart utsett nokre månader.
Skodespelar Keith Richards hadde ei rolle i Pirates of the Caribbean 3: At the Worlds End, der han spelte far til kaptein Jack Sparrow. Johnny Depp, som spelte Jack Sparrow, har sagt at rollefiguren hans var inspirert av Keith Richards.
Album Talk is Cheap (1988) Live At the Hollywood Palladium (konsert, 1991) Main Offender (1992)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Keith Richards» frå , og «Keith Richards» frå den 15. februar 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Rolling Stones: Keith Richards Rolling Stone Magazine: 100 Greatest Guitarist of All Time
Kategori:The Rolling Stones Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar