Richard Clifford «Dick» Taylor () var ein av dei første bassistane for Rolling Stones. Han forlet band for å studere på Sidcup Art College og medan han var der danna han The Pretty Things i september 1963.

I juli 1962, medan Taylor var på Sidcup Art College, vart the Rolling Stones danna då tremannsbandet til Taylor, Mick Jagger og Keith Richards, Little Boy Blue and the Blue Boys, slo seg saman med Brian Jones og Ian Stewart og danna Rollin' Stones. Taylor spelte opphavleg sologitar, men måtte spele bass då Jones kom inn i bandet.

I november 1962 forlet Taylor bandet og Bill Wyman tok over som ny bassist i desember 1962.

Seinare i 1963 danna Taylor The Pretty Things i lag med Phil May og igjen fekk han spele gitar. Under ein pause frå The Pretty Things etter albumet S.F. Sorrow frå 1968 produserte Taylor debutalbumet til Hawkwind, der han òg spelte gitar. Han medverka til punkrock med ei innspeling med Auntie Pus, og på siste halvdel av 80-åra spelte Taylor gitar i post-punk-bandet The Mekons. Dei opphavlege medlemmane i The Pretty Things er framleis i bandet i dag og gav ut albumet Balboa Island i 2007.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dick Taylor» frå , den 16. februar 2009.

Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske plateprodusentar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Britiske rhythm and blues boom-musikarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Slidegitaristar Kategori:Folk frå Isle of Wight Kategori:Musikarar frå Kent Kategori:The Rolling Stones-medlemmar Kategori:The Mekons-medlemmar Kategori:The Pretty Things-medlemmar