Virpi Kuitunen () er ein finsk langrennsløpar. Ho går for skiklubben Kangasniemen Kalske. Ho vert rekna som ein av dei mest suksessrike finske langrennsløparar etter tusenårsskiftet. Kuitunen tok gull på dobbelt jaktstart under Ski-VM 2001. Seinare i meisterskapen blei Kuitunen diskvalifisert etter å ha avgjeve positiv dopingprøve på blodplasma. Finland blei fråteken sølvmedaljen på stafetten, og Kuitunen blei grunna doping, utestengt i to år, men ho fekk likevel behalde gullmedaljen sin frå jaktstarten. Etter utestenginga har Kuitunen gjort eit overraskande comeback, og vann mellom anna sølv på tremila under Ski-VM 2005.
Meritter
Olympiske vinterleikar Bronsemedalje, lagsprint - Vinter-OL 2006
Ski-VM Gull, sprintstafett - Ski-VM 2009 Gull, 30 km - Ski-VM 2007 Gull, stafett - Ski-VM 2007 Gull, jaktstart - Ski-VM 2001 Sølv, 30 km - Ski-VM i 2005 Bronse, sprint - Ski-VM i 2007
Tour de Ski Samanlagtsiger, 2008/2009
Verdscupen 23 sigrar i enkeltrenn
Bakgrunnsstoff
Kategori:Finske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Tour de Ski-vinnarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Dopingsaker i langrenn