12 X 5 er det andre albumet The Rolling Stones gav ut i USA i 1964 etter det populære debutalbumet The Rolling Stones i Storbritannia og den amerikanske utgåva England’s Newest Hit Makers.

12 X 5 var som debutalbumet spekka med R&B-songar skrivne av andre artistar, men inneheld likevel tre songar av Mick Jagger/Keith Richards, samt eit par songar skrivne av heile bandet under pseudonymet «Nanker Phelge».

Etter ei rekkje innspelingar i Chicago i juni 1964 gav det britiske selskapet til The Rolling Stones, Decca Records, ut EP-en. Sidan EP-ar aldri var eit lukrativt format i USA, spreidde den amerikanske distributøren deira, London Records, songane frå EP-en utover eit heilt album, og la til sju songar ekstra. Det var då tolv songar på albumet, spelt av dei fem medlemmane i bandet, dermed tittelen 12 X 5 («12 by 5» eller «12 av 5»). Decca nytta det same omslaget (bortsett frå skrifta) på det neste britiske albumet deira, The Rolling Stones No. 2, tidleg i 1965.

12 X 5 gjorde det betre enn England’s Newest Hit Makers, og nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista.

Innhald

Medverkande

The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal, munnspel, perkusjon Keith Richards – akustisk og elektrisk gitar, korvokal Brian Jones – elektrisk og akustisk gitar, munnspel, tamburin, maracas, orgel på «If You Need Me»,If You Need Me - Lyrics korvokal Charlie Watts – trommer Bill Wyman – bassgitar, korvokal, perkusjon

Andre musikarar Ian Stewart – piano, orgel

Salslister 12 X 5 selde betre enn England's Newest Hit Makers, nådde tredjeplassen i USa og selde raskt til gullplate.

Album ÅrListePlassering1964Billboard 2003

Singlar ÅrSingelListePlassering1964«It's All Over Now»Billboard Hot 100261964«Time Is on My Side»Billboard Hot 1006

Salstrofé LandOrganisasjon Salstrofé(grense)USARIAAGull

Kjelder Denne artikkelen bygger på «12 X 5» frå , den 19. februar 2009.

Bakgrunnsstoff Rolling Stones 12 X 5

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1964 Kategori:Album produserte av Andrew Loog Oldham Kategori:London Records-album