Sunndal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Kommunesenter er Sunndalsøra. Kommunen inneheld dei gamle herada Sunndal, Øksendal og Ålvundeid så vel som Ålvundfjord krins av tidlegare Stangvik herad.

Sunndal har ca. 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra.

I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca. 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.

Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.

Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Sunndal kommune frå 1854: 1854Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Sunndal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Øksendal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Ålvundeid 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3479a 2791a 2684a 3071a 3501a 6914a 8269 7771 7521 7426 7289 a Talet omfattar ikkje krinsen Ålvundfjord, som var del av gamle Stangvik kommune fram til 1965, då han vart overført til Sunndal kommune. Dette området hadde då 508 innbyggjarar.

Kjende folk frå Sunndal kommune Hagbard Emanuel Berner, politikar, redaktør, journalist, jurist Erik Almhjell (1883-1961), spelemann Gunvald Engelstad (1900-1972), arbeidsmann og politikar Leif Roar Falkum, f. 1949, lækjar og friidrettsutøvar Ingebrigt G. Forseth (1847-1938, lærar, gardbrukar og politikar Ole Gundersen Forseth (1838-1919), lærar og lokalhistorikar Aslaug Fredriksen (1918-2000), politikar Ada Hegerberg, f. 1995, fotballspelar Jon Larsson Håven (1816-1898), lærar, gardbrukar og politikar Tor Erik Jenstad, f. 1956, språkforskar Nils Magerøy (1883-1961), skulemann Lars Mæhle, f. 1971, forfattar Bersvend Martinusson Røkkum (1806-1867), gardbrukar og politikar Nils Trædal (1879-1948), prest og politikar Nils Ulvund, f. 1949, lærar, gardbrukar og nynorskmann

Kjelder

Bakgrunnsstoff Sunndal kommune

Kategori:Nordmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal