Grenda er ein gard på Fedje som høyrer til Nedrelandet. Nedrelandet omfattar den nedre delen av matrikkelgarden nr. 168, altså alle bruka utanom Kopper og Husa. I motsetnad til desse to vart Grenda og dei andre bruka på Nedrelandet kalla plassar i skriftlege kjelder. Desse var både mindre og hadde dårlegare jord enn Kopper og Husa.

Grenda ligg mellom Muren, Stuberg, Opphaugen og Kopper. Garden vart nemnd første gong i 1620, og det kan sjå ut til at Grenda vart skild ut frå Muren. Uttalen av namnet er «grennæ».

Kjelder

Kategori:Gardar på Fedje