«Susie Q» er ein song skriven av songar og gitarist Dale Hawkins i 1957. Singelen hans nådde 27. plass på den amerikanske poplista smae året.Songfacts:Susie Q av Creedence Clearwater Revival Han skreiv songen med gitarist James Burton, men då songen kom ut vart Stan Lewis, eigaren av Jewel/Paula Records og Eleanor Broadwater, kona til radioverten Gene Nobles, òg tilskriven som medlåtskrivarar sidan dette gav dei inntekter frå singelsalet.

Andre utgåver

Mange andre artistar har spelt songen (ofte kalla «Suzie Q», «Suzy Q» eller «Suzi Q»). Den mest kjende utgåva er truleg av Creedence Clearwater Revival på debtualbumet deira frå 1968. Versjonen deira er 8:37 minuttar lang og på singelen vart han delt i to og plassert på begge sider av plata. Gitarriffet som John Fogerty spelar under den andre gitarsoloen er frå Howlin' Wolf sin «Smokestack Lightning».

I 1963 spelte bluesrockgitaristen Lonnie Mack inn ei utgåve av songen, som ein instrumental. Han gav han både ut som singel og på debutalbumet The Wham of that Memphis Man.

Gene Vincent spelte songen i 1964 på albumet Shakin' up A Storm

The Rolling Stones gjorde ei utgåve av songen på albumet deira 12 X 5 i 1964, og på The Rolling Stones No. 2 som kom i 1965.

Andre artistar som har spelt songen er The Everly Brothers, Linda McCartney, Johnny Rivers, Gene Summers og The Velvet Underground.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Susie Q» frå , den 22. februar 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Creedence Clearwater Revival-songar Kategori:Swamp rock Kategori:Gene Vincent-songar Kategori:Johnny Rivers-songar Kategori:José Feliciano-songar Kategori:Tony Joe White-songar Kategori:Gene Summers-songar Kategori:Carl Perkins-songar Kategori:Bobby McFerrin-songar Kategori:John Fogerty-songar Kategori:Phish-songar Kategori:Chet Atkins-songar Kategori:Johnny Hallyday-songar Kategori:Lonnie Mack-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Suzi Quatro-songar