Waitomo er eit distrikt som ligg nord i King Country, i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand. Ein liten del av distriktet, byen Tiroa, ligg i regionen Manawatu-Wanganui.
Distriktet er landleg og for ein stor del eit mjølkeproduserande område. Setet til distriktsstyret, Waitomo District Council, ligg i Te Kuiti, som har eit folketal på 4419. Ingen andre busetnader i distriktet har eit folketal over 500. Folketalet i heile distriktet var ved folketeljinga i 2006 9441Statistics New Zealand - Folketeljinga i 2006, av desse var 39% māoriar. Flatevidda til distriktet er 3546,76 km², av dette ligg 94,87 prosent i regionen Waikato og 5,13 prosent i regionen Manawatu-Wanganui. Waitomo District vart oppretta i 1976.
Dei viktigaste næringsvegane i distriktet er saueavl, skogdrift og kalksteinsbrot.
Området er kjent for dei populære karstgrottene Waitomo Caves, tolv km nordvest for Te Kuiti. Det finst talrike andre grotter i kalksteinsklippene i Waitomodistriktet.
Vêrlag Gjennomsnittstemperaturen om sommaren er 18,5°C, om vinteren 9,5 °C, og årsnedbøren er 1473 mm. Det førekjem frost i gjennomsnitt 47 dagar i året, og det årlege talet på solskinstimar er 1749 mini|venstre|Inngangen til ei grotte. Waitomodistriktet er kjent for kalksteinsgrottene. mini|venstre|Ein gard i distriktet.
Referansar
Delar av denne artikkelen bygger på «Waitomo District» frå , den 23. februar 2009.
Bakgrunnsstoff Heimesida til distriktsstyret Destination Waitomo - Turistinformasjon
Kategori:Waikato Kategori:Distrikt på New Zealand